Setesdal interkommunalt politisk råd ynskjer å stimulere til at næringslivet i Setesdal held fokus på miljø og berekraft,- både for å behalde merket for «Bærekraftig reisemål», men også i eigen kraft. Gjennom fokus på miljø tek ein vare på naturen og andre ressursar ein nyttar i si verksemd. Me har tru på at fokus på berekraft også gjev eit betra økonomisk resultat, og me ynskjer å bidra til at fleire verksemder i Setesdal blir miljøsertifiserte.
Setesdal IPR støttar verksemder i kommunane våre som vil miljøsertifiserast, og kvar verksemd som kan få dekka inntil 50% av direkte kostnadar.
Me har tru på at marknaden i aukande grad vil etterspørre miljøfokus,- både nasjonalt og internasjonalt. Miljøsertifiseringa syner at verksemda tek miljøet på alvor,- at ein tek ansvar for å sikre ein berekraftig bruk av ressursane. Miljøsertifisering vil også i enda sterkare grad bli eit krav om ein skal levere varar og tenester til det offentlege.
Miljøfyrtårn-sertifisering handlar om å ha interne rutinar på klimagassutslepp, avfallshandtering, hms og sjukefråver, energiforbruk og liknande,- og handlar om å strekke seg etter å bli betre på desse områda. Mykje av arbeidet handlar om eigne rutinar,- dei fleste møtene med konsulent skjer via internett,- og er overkommeleg for dei fleste. Verksemder som er sertifiserte meldar om forbetra resultat,- mindre sjukefråver, auka kontroll på energibruk,- auka fokus på miljø og berekraft.
Ta kontakt med dagleg leiar om du ynskjer å få verksemda di sertifisert eller ynskjer meir informasjon.