Konferansen er 5. mai klokka 12:00 - 15:00 og blir arrangert av NAV Midt-Agder med fleire andre aktørar. Konferansen er for leiarar/avgjerdstakar i verksemder + tillitsvalde. Temaet er korleis vi saman kan bidra til å hindre utanforskap.

Konferansen er gratis, og verksemder i regionen blir oppmoda om å delta:

  1. Det blir live streaming av konferansen desse stadene: Hovden grendehus/kinosalen - Valle kommunestyresal - Bygland kommunestyresal - Åseral møterom Arnereve 05.05.22 kl. 12:00 - 15:30, påmelding her: https://forms.office.com/r/xiJGsunSrS, eller
  2. Melde seg på for fysisk oppmøte der konferansen er, i Hunsfoss Næringspark i Vennesla 05.05.22 kl. 12:00 - 15:30, påmelding her: https://www.checkin.no/event/42863/ung-innafor

Det vil bli servert mat på båe plassane.

 

Kort om konferansen:

Hoved-foredragshaldar er Olav Haraldseid, som er svært anerkjent og ein god formidlar. han er forfattar og foredragshaldar, og mykje brukt i liknande settingar. Han er mykje mrukt i høve endringsleiing og er opptatt av verdigskapinga som ligg i mangfald på arbeidsplassen. Fasilitator er Francois Elsafadi som bind dette saman gjennom eksempel, humor og stort engasjement. I tillegg er det ulike innslag, mest frå lokalt næringsliv.

Sjå videopresentasjon om konferansen her: https://venf.no/2022/04/08/invitasjon-til-varens-viktigste-konferanse/

Sjå videopresentasjon om konferansen: https://vimeo.com/697314537