21 til 22 januar hadde vi gleden av å samle de fem ungdomsrådene på Hovdestøylen for årets ungdomsrådssamling. Foruten over 30 engasjerte ungdommar deltok blant annet dei kommunale koordinatorene, og frå politisk side deltok ordførarane, og fylkesordførar Arne Thomassen hadde vi med oss på skjerm. 

Samlinga gav ungdommane høve til å bli betre kjende med medlemmar frå dei andre ungdomsråda, knyte kontaktar og skapa nettverk på tvers av kommunegrensene. På programmet stod både bygdebattle i innebandyturnering, omvisning på Jernvinnemuseet på Hovden, ein tur i det nyrenoverte Hovden Fjellbad, og felles middag på kvelden etterfulgt av sosialt innhald,  og politikaropplæring med workshop på fredag.  

Politikaropplæring og fagleg innhald

Fredagen hadde vi den store gleda av å ha med oss både Gro Anita Mykjåland (tidlegare stortingsrepresentant og ordførar i Iveland) og Simon Kjørkleiv Netland (leiar for Ungdommens fylkesutval i Agder - UFU). Dei bidrog med ei inspirerande og engasjerande økt om politikarrolla.

Her fekk ungdommane utfordre seg sjølve i arbeid med tre sentrale spørsmål:

  • Kva er ein god politikar?
  • Kva vil det seie å vere ein god politikar?
  • Påverknadsarbeid – kva er eigentleg det?

Ungdommane jobba svært godt med refleksjonar rundt desse spørsmåla og delte mange gode tankar og erfaringar.

Kva er dei viktigaste sakene for ungdom i Setesdal?

Ei av oppgåvene i samlinga blanda deltakarane på tvers av kommunane. Dei skulle saman arbeide fram kva dei meinte var dei tre viktigaste sakene for ungdom i Setesdal akkurat no. Desse tema vart deretter sende inn til Ungdommens fylkesutval (UFU), som vart orientert om resultata.

Ungdommane samla seg rundt følgande prioriteringar:

  • Fritidsaktivitetar og fritidstilbod – å ha ein stad å vere
  • Kulturskule
  • Kollektivtransport
  • Tilgjengelege helsetenester, som legevakt og betre tilbod for ungdom innan psykisk helse
  • Felles Pride-feiring eller festival
  • Sosiale arrangement på tvers av kommunene
  • Moglegheit til å velje fleire språk på skulen, til dømes spansk eller fransk

Samlinga på Hovden var prega av stort engasjement, samarbeid og gode diskusjonar.  Ungdommane tok med seg både nye erfaringar og nye vennskap då dei reiste heim, og no vil dei halde fram med å jobbe med dei temaa dei hadde fokus på under samlinga

Vi takkar alle deltakarar for innsatsen – og ser fram til å følgje dei dyktige og engasjerte ungdomsråda i Setesdal vidare.

 

Vi vil òg rette ein ekstra stor takk til Kultur og Fritid i Bykle kommune, som hadde rigga til eit fantastisk opplegg for oss på grendehuset på Hovden. Rett og slett noko Hovdensus-vibes dette!

Even .jpg

Even på scenen.jpg

Lunsj.jpg

Turnering.jpg

Turnering3.jpg

Turnering Valle mot Bygland.jpg

Hovden jernvinnemuseum.jpg

Jernvinnemuseet2.jpg

Rundt bordet Bygland og Bykle.jpg

Rundt bordet Valle.jpg

Gro Anita Simon Åseral 2.jpg

Bykle rundt bordet.jpg

Det jobbast ALLE.jpg

Hva er en god politker.jpg

Hva krevest av en god politiker.jpg

Gro Anita Påvirkningsarbeid.jpg

Hele gjengen.jpg