Agder fylkeskommune har lyst ut tilskotsordning til reiselivsaktørar som vil etablera eit ladetilbod for reisande som oppheld seg over lengre tid (minimum 3 timar) ved turistattraksjon/opplevingssenter eller overnattingsplass. Agder fylkeskommune har gitt bidrag til utrulling av det offentlege hurtigladenettet over fleire år. Hurtiglading er eit godt tilbod for folk i farta, og som skal raskt vidare på vegen. No ønskjer fylkeskommunen å tilby støtte til reiselivsaktørar som vil etablera eit ladetilbod. Ordninga har løpande sakshandsaming og har ingen søknadsfrist. Det blir gitt støtte så lenge budsjettet for ordninga rekk.
Meir informasjon om ordninga og link til søknadsskjema finn du her: https://agderfk.no/vare-tjenester/naring-fou-og-internasjonalt-samarbeid/sok-stotte/tilskudd-til-normalladere-for-reiselivsnaringen-i-agder/