Setesdal interkommunalt politisk råd har ei eiga støtteordning for arrangementsutvikling. Føremålet med ordninga er auka verdiskaping i regionen. Gode arrangement skapar trivsel, samarbeid og utvikling, og er positive for fastbuande, besøkande og for lokalt næringsliv. Støtta gjeng til utvikling og nyskaping av nye eller etablerte arrangement, med fokus på berekraft. Retningsliner og søknadskjema finn du i lenkene under. Ved fristens utløp våren 2024 var det 14 søknadar med totalt søknadsbeløp på kr. 843 000,-. Det er avsett totalt kr 300 000,- i budsjettet for arrangementsstøtte i 2024, og no i vår vart det delt ut 150.000 kroner
Søknadsfrist 2024:
- 1. halvår: 1. mai 2024
- 2. halvår: 15. oktober 2024
Retningsliner for arrangementstøtte Setesdal interkommunalt politisk råd
1.Setesdal IPR set kvart år av pengar i budsjettet til arrangement,- vurderast årleg ved budsjetthandsaming
2. To årlege søknadsfristar, med påfølgande samla handsaming i Setesdal IPR.
Føremål og geografi
3. Føremålet med ordninga er auka verdiskaping i regionen.
4. Berre arrangement som skal arrangerast innanfor Setesdal IPRs medlemskommunar kan støttast
5. Arrangementet må vere av regional eller nasjonal karakter, i høve deltaking og merksemd,- eller ha eit godt potensiale for å kunne oppnå dette.
Kven og kva kan støttast
6. Både idretts- og kulturarrangement kan støttast
7. Arrangement som arrangerast i «stille» periodar er særleg ynskja
8. Arrangement som rettar seg mot born og unge er særleg ynskja
9. Arrangement som fremmar lokal kultur er særleg ynskja
10. Arrangementet skal vere opent og tilgjengeleg for alle,- eller i det minste ha eit godt alternativ og tilbod som også passar familiar og born og unge, i tilfelle ein har aldersbegrensa inngong på ein del av arrangementet.
Utvikling, nyskaping, marknadsføring m.m
11. Støtta er til utvikling,- og skal gå til nye arrangement og til nyskaping i høve med eksisterande arrangement. Støtta kan gå til organisering, marknadsføring og profilering, kompetanseheving, tilrettelegging for samarbeid med lokalt næringsliv eller eksterne nøkkelpartnarar o.l.
12. Støtta kan primært ikkje gjevast til drift eller fysiske investeringar (t.d honorar og reisekostnadar til artistar).
13. For å få støtte bør det kunne synast til forventa langsiktige effektar; gjentaking, rekruttering, involvering og samarbeid med lokalt næringsliv, kompetansebygging o.l.
14. Det skal leggast fram eit budsjett og ein finansieringsplan der det kjem tydeleg fram kva ein søker om støtte til
Utbetaling og rapportering
15. I etterkant av arrangementet skal det utarbeidast ein evalueringsrapport med reiknskap.
16. Arrangement som får tilsegn kan få inntil 75 % av beløpet utbetalt innleiingsvis eller undervegs i prosjektet. Dei resterande utbetalast når arrangementet er fullført, og når det føreligg sluttrapport og reiknskap.
17. Tildeling kan bli trekt tilbake dersom ikkje krava om rapportering blir fulgt, også dersom ein finn at tildelinga har blitt bruka på feil grunnlag i høve søknad og budsjett.
Send skjema (i lenka på sida her) til post@setesdal.no, mrk arrangementstøtte.