Vinneren av Setesdalsprisen 2024 er Bykle Vindu AS✨✨
Juryens begrunnelse:
 
Setesdalsprisen blir gitt til ein person eller ei verksemd som over tid har bidrege til verdiskaping og positive ringverknadar i Setesdal. Altså til ei verksemd, eller ein person som bidrar til vekst og utvikling, og som er viktig for regionen som heilskap.
 
Juryen har i år bestått av ordførarane i dei fem kommunane i regionsamarbeidet, Wenche Fresvik frå Agder fylkeskommune, Sveinung Hovstad frå Innovasjon Noreg og det lokale næringsapparatet ved næringssjef i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.
 
Årets Setesdalspris går til ein solid aktør i det private næringslivet, med stadig nye oppgåver i avtaleboka og over 50 tilsette i sving. Marknaden verksemda opererer i, er såpass geografisk spreidd at dei meiner bygda beint fram er sentral – med om lag 30 mil til både Stavanger, Oslo og Bergen.
Og går du rundt i Oslo og ser på staselege, velhaldne gamle bygardar, så skal du ikkje sjå bort frå at vinnaren av årets Setesdalspris har ein finger med i spelet. Ja, heilt riktig – vi snakkar om Bykle vindu.
 
Bykle Vindu AS har produsert vindauge og dører i Bykle sidan 1984. Det har ikkje alltid vore ein rett veg, og humpar i vegen har det vore. Men i 2007 utvikla dei det patenterte iSOKITT-systemet, noko som vart eit vendepunkt for bedrifta. Deira spesialitet er vindauge og dører med kittfals, og dei leverer mykje til prosjekt med vernerestriksjonar og krav om antikvarisk utføring. Dei seier det rett ut: «Vi er rett og slett glade i riksantikvaren.»
 
Bykle Vindu har skapt mange arbeidsplassar og bidrege til eit stabilt og sterkt næringsliv, noko som har gitt positive ringverknadar langt utover både bedrifta sine eigne veggar og kommunegrensa. Det blir sagt at det byrjar å bli vel trongt mellom veggane i bedrifta, men det er ei anna sak.
 
Kjell Ole Homme er dagleg leiar og Daniel Homme er produksjonssjef, og begge er på eigarsida. I bedrifta har dei både lærlingar, tømrarar og tilsette med fagbrev innan trevare- og møbelsnikkarfaget. Fleire tilsette har opparbeidd seg nødvendig praksis og gått opp til fagprøva i vaksen alder. Dei har òg ein drivande dyktig sals- og marknadssjef på laget – som for øvrig arbeider med å snikinnføre nynorsk i bedrifta.
 
Deira evne til å kombinere tradisjonelt handverk med innovative løysingar har gitt dei ein unik posisjon, men som alle her i salen veit – slikt kjem ikkje av seg sjølv!
Daniel sa det sjølv i eit intervju med NRK for nokre år sidan: «Vi er gode på å utvikle dei produkta som kundane ønskjer.»
 
Og gode, det er de – vi gratulerer og ønskjer lukke til vidare!
✨✨✨
På bildet ser vi Kjell Ole Homme og Ingvild Hovden - foto Trond Risdal https://www.trondrisdal.com