I slutten av september hadde vi gleda av å samle dei 5 ungdomsråda til ei to-dagars samling i Åseral. Forutan ungdommane deltok mellom anna dei kommunale koordinatorane, representantar frå Agder fylkeskommune og frå AKT (Agder kollektivtrafikk). Frå politisk side deltok både fylkesordførar Arne Thomassen og ordførarane i våre 5 kommunar.
Slike samlingar gir ungdommane høve til å bli betre kjende med medlemmar i andre ungdomsråd, knyte kontaktar og skapa nettverk på tvers av kommunegrensene. På programmet stod både filmframvising, bygdebattle, tur til dagsturhytta Tippin og besøk på skytebanen med leirdueskyting.
Det var òg ein meir fagleg del der deltakarane fekk diskutert kollektivtilbodet i regionen, før det heile vart avslutta med eit inspirerande og engasjerande innlegg om «Korleis få ungdomsråda til å fungere best?» v/Anne Grønsund.
Ungdommane hadde utruleg mange gode refleksjonar kring tydinga av kollektivtilbod. Alt i alt nokre flotte, innhaldsrike dagar – heldige med veret var vi òg!