Måndag var ordførarutvalet igjen på bedriftsbesøk, og denne gangen gikk turen til Thorsland Elektro AS i Åseral kommune. Her møtte me Anne Lisbeth Thorsland og Kjell Terje Flottorp.

Thorsland Elektros AS har omlag 12 tilsette, hvorav 8 er montørar. Dei held til i moderne lokalar på Toddemonen.

I 1993 - me snakkar 30-års jubileum i år! - starta verksemda opp som eit enkeltmannsforetak, og i 2018 blei det omdanna til eit aksjeselskap. Etter kvart vart det bestemt å bygge her, kor dei held til i godt naboskap med FH Bygg & Eiendom.

Anne Lisbeth fortalde frå verksemdas spede start i heimen, og om utviklinga fram til no. Omlag 17 lærlingar har dei hatt opp gjennom åra; no har me gjerne ein kvart år fortel Anne Lisbeth. Lærlingane får ein utruleg variert praksis, og me er opptekne av at dei skal vera likestilte når dei er her fortel Kjell Terje.  Fleire endar opp som tilsette i verksemda, og sånn sett er det også viktig med omsyn til rekruttering. I tillegg til lærlingar, har dei også ofte opna døra for dei som ønskjer eller treng arbeidstrening. 

Det så litt mørkt ut når pandemien og dei globale utfordringane med varetilgang kom. Det vart og sendt ut permitteringsvarsel – «men det gikk bra» er deira eiga sindige oppsummering.

Markanden deira er stort sett hyttenæringa, og dei samarbeider mye med Eiken Hytter og Eikaas Hytter. Har mye hytteoppdrag på Brokke i Valle kommune, og ein del på Hovden i Bykle kommune.

Den største jobben dei har hatt – til no - i kroner og øre er renseanlegget på Ljosland. Dei har også fått rammeavtale med kommunen, noe dei strekar under er viktig for verksemda deira.

Sentrumsbygget på Bortelid kan og verte interessant fagleg sett, sidan det er snakk om massivtre. Massivtre krevjar at du «gjer heile jobben før jobben skal gjeras» – det vil si at alt må detaljspesifiseras på førehand, og deretter vart det frest ut spor i treverket.

Dei har over tid utvida sitt geografiske nedslagsfelt. Noe på Evje, ein anbodskonkurranse på rådhuset i Lyngdal, ein og anna "slengarjobb" i Kristiansand, og i Telemark for å nemna noko. Oppdraga i Telemark kan dykk lese meir om i Setesdølen her: https://www.setesdolen.no/.../ei-rekke-evje-firma-far.../

Meir ukjent for mange er det nok at Thorsland Elektro er store i meteorologisk samanheng. Det er lite dei gjer med vêret, men dei er sentrale når det gjeld elektroarbeid i  vêrstasjoner. Den aller første dei hadde var på Snartemo, og før jol i fjor var det ein i Kautokeino.

Verdiskapinga av hyttebygging er utrolig viktig for eit firma med såpass mange tilsette; me kan ikkje leve av småoppdrag med ein ekstra stikkontakt her, og ei utelampe der seier Kjell Terje. Det er viktig å ikkje berre ha berre ein marknad, ein må ha fleire bein å stå på.

Dei fortalde at nå er det sol som er det store. Me har begynt på det fjerde anlegget og har hatt fire tilsette på kurs, fortel Kjell Terje. Det gjelder å sjå moglegheiter og ta vare på dei moglegheitene som kjem. Just det er Anne Lisbeth og Kjell Terje gode døme på sjølv!

Samtalen fløy, og var innom alt frå strømprisar, kostnadsnivå og offentlege innkjøp til kor viktig det er å ha forskjellige fritidstilbod og –aktivitetar i nærmiljøet.

Utan å konkludere, var me også innom Kjell Terje sin påstand om at «Byremo er verdens navle»😎.

Me takkar så mykje for utruleg gildt og interessant besøk!

Les meir om verksemda på deira nettside og facebookside:

https://www.thorslandelektro.no/

https://www.facebook.com/thorslandelektro/