I dag har ordførarutvalet v/Sigbjørn Åge Fossdal, Svein Arne Haugen og Steinar Kyrvestad hatt ein særs effektiv, nyttig og trivelig dag på Stortinget
Det gjekk slag i slag, og me fekk treffe medlemmar frå både justiskomiteen, utanriks- og forsvarskomiteen, samferdselskomiteen og politisk sekretær i kommunal- og distriktsdepartementet.
På agendaen stod mellom anna:
- Rv9
- Rv 9/Nasjonal turistveg
- Forsvaret/Evjemoen
- Kriminalomsorgen/Agder fengsel og Evje avdeling
- Bygdevekst
- Prosess om kvalitetsnorm villrein
Tusen takk til Tellef Inge Mørland og Gro-Anita Mykjåland for strøkent opplegg med mange gode samtaler om viktige tema!