Me ønskjer å minna alle interesserte om den kommande søknadsfristen for privatisteksamen. Anten du ønskjer å forbetra karakterane dine, ta opp fag du ikkje tidlegare har fullført, eller berre ønskjer å ta eksamen som privatist, er det viktig å merka seg søknadsfristen.
Dei som ønskjer å melda seg opp til privatisteksamen i Agder fylkeskommune kan gjera dette i Privatistportalen mellom 1.-15.september (seinast klokka 23:55).
Søknader om tilrettelegging blir også leverte i Privatistportalen med frist 15.september (seinast klokka.23:55).
Privatisteksamen gir deg høvet til å ta eksamen i vidaregåande skulefag eller studiekompetansegivande fag på nytt, sjølv om du ikkje er elev ved ein skule. Dette er ei flott moglegheit for dei som ønskjer å forbetra karakterane sine eller førebu seg til høgare utdanning.