Måndag og tysdag denne veka var leiinga ved UiA - Universitetet i Agder på besøk i regionen.
Det var lagt opp til eit tettpakka og innhaldsrikt program. Fyrste stopp og dialogmøte var på Setesdal vidaregåande skule avd. Hornnes, dialogmøte med det nye ordførarutvalet, møte med kommunedirektørutvalet og så gjekk det slag i slag.
Energi og miljø var også tema, og arbeid med nasjonal vassforskrift, EUs vassdirektiv og ulike nasjonale og lokale miljøkrav – da i møte med vassområdekoordinator for Otra og Otra Kraft på Rysstad.
Deretter var det omvising hjå både Setesdalsmuseet og prosjekt Setesdal stavkyrkje, og dialogmøte med mellom anna Hovden Skigymnas og Setesdølen.
Det var mange gode samtalar desse dagane, og vart ein nyttig og inspirerande høve til å bli betre kjent med kvarandre
- Presentasjon, UiA (pdf-fil)