Innbyggjarundersøking Setesdal 2025
Som ein del av re-merkingsprosessen for Setesdal som Berekraftig reisemål er det gjennom hausten og vinteren gjennomført ei ny innbyggjarundersøking i regionen. Undersøkinga gir viktig innsikt i korleis innbyggjarane opplever reiselivsutviklinga, kva som skaper engasjement og bekymring, og korleis reiselivet påverkar lokalsamfunna våre.
Undersøkinga for 2025 viser at synet på enkelte sider av reiselivet har endra seg noko sidan førre målingar. Nokre kommunar, særleg Bykle og Valle, peikar seg ut med eit meir variert bilete av haldningar enn tidlegare år. I dei opne svara kjem det fram at tema som hyttebygging og problemstillingar knytte til villrein og ferdselsavgrensingar er blant dei forholda fleire innbyggjarar er opptekne av. Samstundes viser svara at det framleis er brei støtte til mykje av reiselivet som føregår i regionen, og at den «vanlege» turismen i liten grad blir sett på som ei utfordring.
Undersøkinga løftar òg fram ei tydeleg positiv side: Heile 85,29 % av innbyggjarane nyttar eitt eller fleire av tilboda reiselivsnæringa bidreg med. Dette viser at reiselivet har ei viktig rolle for fritidstilbod, aktivitetar og møteplassar i Setesdal.
Les heile undersøkjinga her: Resultater innbyggerundersøkelse Setesdal 2025 (002).docx
Merket for bærekraftig reisemål
Gjennom en omfattende sertifiserings- og merkeordning er Setesdal merket som Bærekraftig reisemål.
Målsetningen med merkingen er å bringe samarbeidet om produkt- og attraksjonsutvikling videre med bærekraft som felles plattform. Med merket skal Setesdal synliggjøres som region og bygge troverdighet også i nasjonale og internasjonale markeder som har høy bevissthet på miljø og bærekraft. Merket tildeles for tre år av gangen, og Setesdal ble re-merket i 2019 og i 2023.
Flere bedrifter i Setesdal er blitt miljøsertifisert og fått tildelt merket "Miløfyrtårn" og flere andre har startet prosessen. Setesdal interkommunalt politisk råd er også miljøfyrtårnsertifisert.
Les meir om resertifiseringa 2023
Handlingsplan med tiltak 2023-2025
