Korleis er ytringsklimaet rundt kvinners behov på jobb og heime? Kan vi snakke ope om kvinnehelse og deltidsarbeid? Er menn velkomne i samtalen, og kva skal til for at unge kvinner vel å busetje seg i Setesdal? Bli med på ein spanande kveld med faglege innlegg, dialog og god mat.
«Kvinnespranget» er årlege inspirasjonssamlingar som finn stad i Lister, Østre Agder og Setesdal. Samlingane gir kvinner ein møteplass der dei kan dele erfaringar, lære av kvarandre og saman finne nye vegar til vekst i sin eigen region. Målet er å inspirere kvinner til å møte utfordringar, påverke samfunnet og bidra til ny vekst.
Tema for årets arrangement er kvinnehelse og ytringsklimaet rundt heiltid/deltid.
- Sted: Sølvgarden hotell
- Tid: 28. november kl 1630 - kl 2100
- Arrangementet er gratis.
- Påmelding: Kvinnespranget 2024 Setesdal, påmeldingsfrist 24. november kl 2350.
Program:
- 16:30 Velkomen
- 17:00 Middag
- 18:00 Heiltid eller deltid – dårleg samvit uansett? v/May-Linda Magnussen, professor ved institutt for sosiologi og sosialt arbeid, Universitetet i Agder
- 18:30 Kan vi snakke om kvinnehelse på arbeidsplassen? v/Marianne Gjellestad, rådgjevar for folkehelse, Agder fylkeskommune
- 19:00 Pause
- 19:15 Burde mennene vore her? v/Inger Lise Lund Stulien, ordførar, Åseral kommune
- 19:30 Panelsamtale med May-Linda, Marianne og Inger Lise. Ope for spørsmål frå publikum.
- 20:15 Mingling med lett servering