Vernepleieutdanning er ei utdanning innan helse- og sosialfagleg sektor som gir deg kunnskap og ferdigheiter til å arbeida med menneske som treng støtte og rettleiing for å kunna leva eit sjølvstendig liv. Vernepleiarar jobbar ofte med menneske med ulike funksjonsnedsetjingar, og hovudoppgåva deira er å leggja til rette for at desse menneska kan ha ein så god livskvalitet som mogleg.
Vernepleieutdanninga er ei bachelorutdanning som gir ei brei fagleg plattform innan helse- og sosialfag, og inneheld både teoretiske og praktiske fag som psykologi, pedagogikk, etikk, kommunikasjon, ergoterapi og fysioterapi. Studiet har også praksisperiodar der studentane får høve til å jobba med menneske i ulike situasjonar og med ulike behov.
Nå kan du altså ta denne utdanninga her i Setesdal, ved siden av ordinær jobb!
Etter fullført utdanning kan ein vernepleiar jobba i kommunale helse- og omsorgstenester, i ulike bustader og institusjonar for menneske med ulike funksjonsnedsetjingar, i habiliterings- og rehabiliteringstenester, og i ulike tverrfaglege samarbeid innan helse- og sosialsektoren for å nevne nokon moglegheitar.
Du kan lese meir om Lars som tek vernepleie her: Lars tek vernepleie
Vil du vite meir om kva som skjer lokalt? Da anbefaler vi denne flotte radiosnutten frå radio Valle. Her talar dei med studiekoordinator Marianne Hovet Steig. Du kan også høyre Thea Berås fortelje om korleis det er å ta distriksvennleg utdanning i regionen. http://://fb.watch/iO_ZhQP8X0/
Søknadsfristen for den distriksvennligew vernepleie er 15. april! Du kan søke her.