Reiselivet i Setesdal, dei fem kommunane i Setesdal, Setesdal Interkommunalt Politisk Råd (SIPR) og Visit Setesdal har igjen re-merket Setesdal som Bærekraftig reisemål. Sist fredag var det kontrollbesøk og godkjenning for tre nye år. Det er tredje gong me får denne godkjenninga og det er me veldig stolte av. Det ligg mykje god og hard jobbing bak dette.
Merkeordninga Bærekraftig Reisemål, som Innovasjon Noreg administrerer, er eit synleg bevis på at reisemålet tek omsyn til miljømessige, sosiale og økonomiske faktorar for å minimera dei negative effektane av turisme og auka dei positive effektane. Dette inneber å bevara natur og kultur, å sikra rettferdige arbeidsforhold for lokalbefolkninga og å skapa økonomiske fordelar for lokalsamfunnet. Ved å implementera tiltak kan eit reisemål bli meir berekraftig og ha ein positiv innverknad på både miljø, økonomi og samfunn.
Det er eit omfattande arbeid med mange parameter som skal på plass og det involverer alle aktørane på reisemålet. Me vart spesielt anerkjende for det strategiske grunnlaget for utvikling av reisemålet som er lagt av SIPR og som er utgangspunktet for reiselivssatsinga i Setesdal.
Me veit at gjestene er utruleg viktig for Setesdal. Det at lokalsamfunn, natur og besøkjande har ein gjensidig respekt gir eit godt grunnlag for å ha eit godt reiseliv i Setesdal. I dei neste tre åra vil me arbeida strukturert og målretta for å bli eit endå meir berekraftig reisemål.»
Vil du vite meir om Visit Setesdal ? Sjå her: Visit Setesdal
Lurer du på meir om bærekraftig reisemål så kan du lese det her: Bærekraftig Reisemål